Hallingskarvet.Com
Hallingskarvet.Com
Norsk | Deutsch | English Aktviteter            Severdigheter            Overnatting            Galleri            Beliggenhet
AKTIVITERER
Dagsturer med bil
Fagerdalen støl
Hallingskarvet Fjellbad
Hallingskarvet SkiParadis
Hallingskarvet Skisenter
Holsåsen Kulturlandskap
Nedremyrstølen
Padling
Sportfiske om sommeren
Stier og turveier
Sudndalen Skileiklag

A K T I V I T E T E R
Nedremyrstølen

På Nedremyrstølen på Holsåsen kan du oppleve stølsdrift på gamlemåten i juli og august. Nedremyrsstølen har både servering og salg av støsprodukter.


Historikk
Stølsdrift har vore ein viktig del av gardslivet i Hol i fleire hundre år. Vi veit sikkert at det her har vore stølsdrift frå fyrst på 1600-talet.

Om våren tok kjerringa på garden ungane og alle dyr med seg til fjells (Seters). Fyrst til heimstølen, som ligg i skogsområda, ikkje langt frå heimgarden. Ved jonsokleite drog dei vidare inn til høgfjellet, langstølen.

Om hausten flytte dei på heimveg etter same mønster. Til støls var det gangveg. Dei brukte kløvhest for transport. I eldste tida var det to hus på stølane. Ei bu, steinbu, til folka og ei løe for oppbevaring av høyet. Alle dyr var ute natt og dag.


Stølsliv idag, og for 100 år sida
"I Hol laves dalens beste ost", sa amtmeierske Oline Melby ikring 1900. Stølslivet er like viktig og nødvendig idag som før, for vår gard.

Her går livet og arbeidsprosessane i dag som før. Mjølka er råstoffet for produksjon av rømme, ost og mjølk. Her er ikkje straum, eller annan høg teknologi.
Krøtera finn næringsrikt og saftig fjellgras med uteliv natt og dag. Mosjon og trening gir styrke og god helse til ein lang vinter.

Vi bufører til fjells ved jonsokleite, avhengig av snøens gang og solas varme. Alle krøter går. Etter at bilvegen kom, fyrst i 60-åra, vert alt utstyr frakta med bil.

Stølsfolka, kjerring og ungar, held til her fram til skulen startar sist i august. Dei har alle sine oppgåver til kvar dag.


Separator - Fløyte - Smør
Kyrne blir mjølka morgon og kveld. Til å skilje fløyta frå mjølka blir det nytta separator. Av 10 liter mjølk får ein 1 liter fløyte, og 8 liter skummamjølk. Separatoren er eit ungt reidskap - kom til Hallingdal fyrst på 1900-talet.

I romtemperatur vil fløyta innan kort tid starte på sin syrningsprosess, og bli til rømme etter få dagar.
Rømme er eit velkjent seterprodukt, populær som han er. Vi kan bruke den til å lage rømmegraut, eller å kjerne smør. Av 2 liter rømme får ein 1 kg. smør. Fjellgraset gir fjellsmøret ein aktiv gulfarge og fyldig smak.


Skummamjølk - Kvitost - Prim
Av skummamjølka lagar vi kvitost. Ein spesialitet for Nedremyrstølen og Hol. Den må ha si modningstid før den er ferdig til påleggsbruk eller middag.

Av mysa, vannstoffet, etter kvitosten kan ein koka prim. Dette er svært arbeidskrevjande, og blir derfor gjort som unnatak, og ikkje som regel.

For å sjå og oppleva stølsliv før og no, inviterar me til eit besøk på Nedremyrstølen, her kan de også finne minnesmerke etter sjølvaste Napoleon.

Vi er på Nedremyrstølen frå ca. 1. juli til 25. august, og du er hjarteleg velkomen om du kjem med bil eller du går. Ein fin fottur er den gamle kyrkjevegen frå Vats til Hol.

Vi held ope for salg av ekte seterrømme, smør og ost kvar dag. For servering av tradisjonsrik stølskost har me åpent kvar tysdag og torsdag frå kl. 12.30 - 15.00. Grupper på bestilling.

De kan treffe oss på tlf. 94 25 55 51