Hallingskarvet.Com
Hallingskarvet.Com
Norsk | Deutsch | English Aktviteter            Severdigheter            Overnatting            Galleri            Beliggenhet
SEVERDIGHETER
Gamlegarden på Løyte
Hol Bygdemuseum
Hol gamle kyrkje

S E V E R D I G H E T E R
Hol Bygdemuseum

Her kan du rusle mellom 17 bygningar, byg opp som ein gamal holingsgard. Frå husmannsstugu, stølsbu, badstugu, stolpehus til smie, eldhus, fjøs og låve. Alt i alt tek museet hand om meir enn 5.000 gjenstandar.

Korleis levde eigentlig folk før i tida? Når menneska er borte, står husa att og viser korleis folk hadde det i gamle dagar. Gjenstandar og innbu fortel om korleis folk løyste daglegdagse gjeremål på ein gard.
Her kan du rusle mellom 17 bygningar, byg opp som ein gamal holingsgard. Frå husmannsstugu, stølsbu, badstugu, stolpehus til smie, eldhus, fjøs og låve. Alt i alt tek museet hand om meir enn 5.000 gjenstandar.

Nestegardsstugu er ei typisk loftstugu - bygd fyrst på 1700-talet. Sjølve stugurommet er vakkert rosemåla av Kitil Rygg i 1759. Han har gjort seg ekstra flid med denne stugumålinga ettersom han var halvbror til kona på garden. Dette er utan tvil ei av dei mest interessante rosemåla stugene i Hallingdal.

Raunsgarddstugu er opphaveleg bygd som ei stasstugu - seinare vart ho omgjort til kårstugu, som skulle huse dei gamle når neste generasjon overtok garden. Rommet er rosemåla av Christen Aanstad (ca. 1790). Over inngangen står innskrifta "Gud Bevarre min Inngang og ud Gang Gud Bevarre dette Hus".

Ovavoll - loftet er det elste huset i sitt slag som er att i Hol. Det er mogleg at 1. høgda kan daterast heilt til mellomalderen. 2. høgda er frå 1700 - talet. Her er det svalgangar i begge høgder. Fyrste høgda vart brukt til å ta vare på kjøt, mjøl og korn som i eit stolpehus. I andre høgda sto det kister fulle av klede og utstyr. Ser du litt nøye etter, vil du kunne lese skriftteikn på veggstokkane. Over døra står det tjærekrossar til vern mot trolldom.

Den typiske holingsgarden hadde mange hus - ofte 10-12 stk. Landskapet vart avgjerande for korleis dei forskjellige bygningane kom til å bli liggjande i forhold til kvarandre. Øvst i tunet låg innehusa. Det var to eller tre stuguer. Nedst låg uthusa - fjøs, låve og stall. Eldhus, smie og badsstugu låg lenger borte på grunn av brannfaren.

Fyrste helga i august går bygdefolket sama om å ta opp att ei bryllaupsfeiring bygd over gamle tradisjonar frå Hol. Alle er kledd til fest. Det heile er ei storstilt gjestebøsferd. Dagen startar med vigsle i Hol gamle kyrkje frå år 1200. Deretter går brudefølget langs Holsfjorden til museet.